måndag 27. september 2010

Border med elementtrykk

I dag har me eksperimentert litt med elemtent trykk, så gjekk me øver til å laga border med det.

Her har eg begynt med å trykka med blader. Blader er ganske greit å trykka med, men ein veit aldri heilt kva detaljar som kjem fram på bladet.

Siri som trykker med bregner.   Kersti sin malepalett og borde trykk

Nokre av dei tinga eg prøvde å trykka med i dag. Sopp var veldig kjekt å leika med til ulike border, men den blei litt fort øydelagd..

~Ingeleiv Andrea~

fredag 24. september 2010

Fyste time med Trykk! :)

I dag fekk me "leika" litt med trykk. Dei fleste brukte blader og andre ting dei fann ute, men nokon brukte andre ting og. Det føltest nesten litt sån tilbake til barnehagen med fullt i maling på hendene, på pulten og litt øve alt i grunn. Endå meir barnehage stemning når læraren min måtte hjelpa meg med å bretta opp armane mine for å ikkje få maling på kledna. Men det var veldig kjekt, og eg gleder meg til neste time! Maling over allt er alltid kjekt!

Min kaotiske pult. Prøvde ulike trykk med blader.

Frida og hennar arbeid.

Kersti som jobber med trykk.

~Ingeleiv Andrea~

Velkomen til min Trykk og Foto blogg!

Eg heite Ingeleiv Andrea og går andre året på formgjevng på Voss Husflidskule. På denna bloggen kjem eg til å legga ut bileter av arbeid i faget trykk og foto. Til no i år har me hatt to oppgåver for å lære å bruka manuelle innstillingar på kameraet.
Her er 2 bilete eg har tatt til dei oppgåvene:
Dokumentasjons oppgåva der eg har dokumentert vassautomata på skulen.
Liten dybdeskarphet, Tema "Liten og stor"


~Ingeleiv Andrea~