onsdag 1. desember 2010

Reklame foto!

I sist veka hadde eg framføringar om ein fotograf me fekk velga sjølv. Eg valte Torleiv Tveit.
Meir info om han finn du her: http://www.galleritveit.no/


No har me nett byrja med ei ny oppgåve om reklame foto!

Oppgåve teksten er:
Skriv et notat om hva reklame er,: Tekst på ca. en A4 side + illustrasjoner:1.Skriv med tanke på å gi informasjon som også inneholder litt histoie om reklame.
Ta gjerne med eksempler/visualiser; (Finn illusttrasjonsfoto på nett)
Praktisk:
2. Reklamefoto: Produkt + person + attrbutter . Kort enkel tekst og Logo til produsent/varemerke.

Du bør se mye reklame fra nåtid og kanskje også fortid som inspirasjontil din egen produksjon.

Sist time diskuterte me kva som var viktig å få med og såg på tidligare elevar sine produkt. I slutten av timen skisserte me tankar på korleis me vill ha det.
Eg tok med meg ei rødnesa, og har tenkt å laga eit reklame foto for:


 Til no har eg berre skissert ulike idéar, kjem sikkert med fleir bilder av skisser og prøvefoto i neste veka.


~Ingeleiv Andrea~

fredag 12. november 2010

Haiku innspirerte trykk

Fredag 05 vart me ferdig med trykka og her er nokre bilete:
Tre bagrunnar eg prøvde ut:

Her har eg brukt ei glassplata bittelitt maling og mykje vatn. Litt vanskelig uten å søla mykje, men ganske enkelt og veldig kjekt!

Sjablongane eg brukte mest

Eit prøvetrykk

Vurderte å ha det endelige trykket vertikalt, men bestemte til slutt at eg ville ha det horisontalt

Det endelige trykket:

Her har eg brukt ein av bagrunnane som eg viste øverst, så brukt eine sjablongen å laga båten, tilslutt monotypi og laga skyer og det kvite som kan vera bølger/vind/eller meir skyer alt ettersom.


Litt frå utstillinga i gangen med klassen sine trykk:

 Bilete til høgre er laga av Susanne
~Ingeleiv Andrea~

måndag 1. november 2010

Fleirtrykk innspirert avv Haikudikt

No og fram til fredag 5 nov. held me på med fleirtrykk innspirert av haikudikt. Dei siste gongane har eg skissert og prøvd ut ulike ting eg kanskje vil bruka i det endelige trykket.

Eg har valt haikudiktet:
Vinden har ein følgjesvein
han seglar der
mellom natteskyene

Så langt har eg prøvd ut mest med monotypi. Og skal legga ut bileter av trykka i løpet av veka!

~Ingeleiv Andrea~


onsdag 20. oktober 2010

Monotypi og Sjablongtrykk

Siden eg var vekke dei timane dei andre dreiv me  monotypi og sjablongtrykk har eg hatt mine egne to timar med det i pausane på open dag på Fliden i dag og i går.
Eg byrja med Monotypi, der eg fyst la maling på baksida av ein spegel og la eit la eit ark oppå. Eg fant fort ut at eg måtte trykke det på arket fort fordi malinga tørkar fort. På det fyste biletet er alt monotypi unntatt dei to øverste til høgre.


Seinare prøvde eg sjablongtrykk. Då klippte eg ut ut "natufrigurar" frå tre tjukke papirark eg fekk av ein lærar. Etterpå holdt eg dei på arket medan eg malte rundt. Dei to øverste til høgre på fyste biletet er sjablong trykk og det bilete nedanfor.


~Ingeleiv Andrea~

måndag 27. september 2010

Border med elementtrykk

I dag har me eksperimentert litt med elemtent trykk, så gjekk me øver til å laga border med det.

Her har eg begynt med å trykka med blader. Blader er ganske greit å trykka med, men ein veit aldri heilt kva detaljar som kjem fram på bladet.

Siri som trykker med bregner.   Kersti sin malepalett og borde trykk

Nokre av dei tinga eg prøvde å trykka med i dag. Sopp var veldig kjekt å leika med til ulike border, men den blei litt fort øydelagd..

~Ingeleiv Andrea~

fredag 24. september 2010

Fyste time med Trykk! :)

I dag fekk me "leika" litt med trykk. Dei fleste brukte blader og andre ting dei fann ute, men nokon brukte andre ting og. Det føltest nesten litt sån tilbake til barnehagen med fullt i maling på hendene, på pulten og litt øve alt i grunn. Endå meir barnehage stemning når læraren min måtte hjelpa meg med å bretta opp armane mine for å ikkje få maling på kledna. Men det var veldig kjekt, og eg gleder meg til neste time! Maling over allt er alltid kjekt!

Min kaotiske pult. Prøvde ulike trykk med blader.

Frida og hennar arbeid.

Kersti som jobber med trykk.

~Ingeleiv Andrea~

Velkomen til min Trykk og Foto blogg!

Eg heite Ingeleiv Andrea og går andre året på formgjevng på Voss Husflidskule. På denna bloggen kjem eg til å legga ut bileter av arbeid i faget trykk og foto. Til no i år har me hatt to oppgåver for å lære å bruka manuelle innstillingar på kameraet.
Her er 2 bilete eg har tatt til dei oppgåvene:
Dokumentasjons oppgåva der eg har dokumentert vassautomata på skulen.
Liten dybdeskarphet, Tema "Liten og stor"


~Ingeleiv Andrea~